Friidrettens dag 2015

Postet av Sauda IL - Friidrett den 4. Mai 2015



Fotograf: Per Inge Fjellheim
Ansvarlege for kast , Merel Dirksen (til venstre) og Maren Stensvåg Seim forklarer kva øvelsen går ut på:
Frå venstre. Theo Espeland, Isak Løvaas, Tobias Saltvik Ur, Sina Nes Rasmussen, Naphansiri Pedersen, Elias Dybing, Even Lønseth, Andreas Tveit Garstad.

36 barn og unge deltok då Sauda IL torsdag 23.april arrangerte Friidrettens Dag på stadion.
Her fekk alle prøve seg i tradisjonelle friidrettsøvelsar som lengde, 60m og kast med liten ball. Stoppeklokker og måleutstyr var henta fram slik at utøverane fortløpande fekk ei lita tilbakemelding på sine prestasjonar.
Mykje ros og gode råd på veg til neste forsøk var det og tid til.
Den fjerde utfordringa for kvelden var ein spennande stasjon sett saman av øvelsar der både spenst, balanse og koordinasjon vart stilt på prøve.
Kvelden vart avslutta med utdeling av medaljer til alle.
Friidrettsgruppa velge å tru at dette var ei grei gjennomføring, både med tanke på dei med erfaring frå friidrett og dei som her hadde sitt første møte med denne type aktivitet.
Arrangøren håper sjølsagt at fleire lot seg inspirere til å delta på våre faste treningar og aktiviteter med utgangspunkt stadion.
Erik Espevik
Friidrettsgruppa i Sauda IL

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline